Ny runde i retten i Russland reduserte bota til Remøy Havfiske frå 30 til 8,5 millioner kroner, melder Nett.no.

Reketrålaren «Remøy» hadde ikkje gyldig lisens for å fiske reker i russisk farvatn, etter at Fiskeridirektoratet i Norge hadde kryssa feil på eit skjema.

Remøy Havfiske vart derfor ilagt ei bot på rundt 30 millionar kroner. Også statsminister Erna Solberg kommenterte storleiken på bota.

No er bota redusert til 8,5 millionar kroner. Fiskebåt kan ikkje godta at skuldspørsmålet står ved lag og vil vurdere ei ny anke, melder NRK Møre og Romsdal.