Fiskeri. Til generalforsamlinga i Aalesunds Rederiforening kom Atle Vartdal i Ramoen-reiarlaget med den reinaste skrekkvideoen fredag.

Mannskapet på trålaren «Ramoen» sprettar ein stor torsk fanga i Barentshavet, og ut av magen kjem fem hyser – kvar av dei på rundt 1,5 kilo.

– Vi har bygd opp ein altfor stor torskebestand, og det går ut over resten av bestandane, seier Atle Vartdal.

Medan havforskar Harald Gjøsæter på møtet teikna eit rosenraudt bilete av situasjonen i Barentshavet, er fiskarane uroa.

– Det bekymrar meg at de ikkje ser den negative situasjonen i Barentshavet. Både forskarane i Bergen og det internasjonale havforskingsrådet høyrer for lite på næringa, sa Atle Vartdal.

Økosystem Situasjonen både i Barentshavet og Norskehavet var hovudtema på generalforsamlinga.

Les meir frå generalforsamlinga i papirutgåva av Sunnmørsposten laurdag

Stillbilde fra videoen tatt opp på «Ramoen». Se klippet i videovinduet over artikkelen.