Den austlegaste torsken fann forskarane på 79° 36 ’ aust i det nordlege Karahavet, skriv Havforskningsinstituttet.

Norske og russiske forskarar kjenner ikkje til at det nokon gong tidlegare har vore funne torsk så langt mot aust.

Torsken har truleg følgt etter lodda inn i dette området, som dessutan er grunt nok til at torsken kan trivast der. Temperaturen i området er også for tida høveleg for torsken, og ein kan ikkje sjå bort frå at det blir meir torsk i dette området i åra som kjem.

Nord

Dei største konsentrasjonane av torsk vart funne langt nord i Barentshavet – mellom 78 og 80 grader nord, aust for Svalbard og sørvest for Frans Josefs Land.

I dette området fann forskarane også mykje lodde, som er torskens viktigaste mat, opplyser Havforskningsinstituttet.

– I fjor fann vi torsk så langt nord som til 82 grader 30 minutt, og denne «verdsrekorden» står framleis ved lag, oppsummerer forskarane Bjarte Bogstad og Dmitrij Prozorkevitsj. Dei har i haust vore på tokt med det russiske forskingsfartøyet «Vilnius».

I fjor vart det sett nordleg verdsrekord for torsk då ein fann torsk heilt nord til 82° 30’ N, og i år altså austleg verdsrekord.

Les nyheiterfrå fiskeri på smp.no

Illustrasjonsfoto: Roger Engvik