Fiskerikonsernet Nergård går vidare med planane om å byggje eit nytt fabrikkanlegg i Måløy, melder Fjordenes Tidende.

Styret i selskapet tok i eit møte denne veka eit nytt skritt i retning av å realisere eit anlegg på om lag 2000 kvadratmeter med fryselager på Trollebø.

Følg smp.no på Facebook

Ad­mi­ni­stre­ran­de di­rek­tør Tom­my Torv­an­ger i Nergård Eiendom seier at anlegget vert det største i konsernet, og at investeringa berre i anlegget vil vere på minst 200 millionar kroner.

Dei tek sikte på å vere klare til å ta i mot makrell når sesongen startar hausten 2015. Og det vert behov for ny arbeidskraft - i kommunen der mange fiskeriarbeidsplassar har gått tapt dei siste åra.

– Det vil vere be­hov for folk, men kor man­ge vi tren­g, kjem av på kva for skift­ord­nin­gar det blir. Men at det vert 15–20 ar­beids­plas­sar er heilt sik­kert, seier Torv­an­ger til avisa.

Les flere næringslivsnyheter på smp.no