Oskar Grimstad, som er medlem av energi- og miljøkomiteen på Stortinget, fortel at han og mange andre på Stortinget følgjer nøye med på den avskalinga som er i ferd med å skje i maritim næring, og no sist med Rolls-Royce Marine som kan verte nøydd til å kutte så mange som 300 stillingar.

– Det er i lys av denne situasjonen det er så uhyre viktig at utbygginga av det store Johan Sverdrup-feltet ikkje må verte forseinka. Og det ligg det ikkje an til at den vert, seier Oskar Grimstad tilfreds.

Må tenke norsk

Han legg til at på Johan Sverdrup, som kan verte det nest største feltet på norsk sektor etter Ekofisk, står det att tildeling av byggeoppdrag på ei stor bustadplattform.

– Og her vil eg oppmode operatøren Statoil om å ikkje berre tenke pris, men rett og slett tenke norsk for å sikre norske arbeidsplassar, seier Grimstad.

Les også: – Dette vil gjere norske verft meir konkurransedyktige

– Kor dramatisk er den situasjonen som har oppstått?

Tilpassing

– Det er sjølvsagt svært dramatisk for den som mister jobben. Likevel er det her snakk om ei tilpassing til ein normal situasjon. Eg trur ikkje ingeniørar som mister jobben i maritim næring, treng å gå lenge utan arbeid, seier Oskar Grimstad som generelt ser på ingeniørar som ettertrakta arbeidskraft.

Stortingsrepresentanten frå Hareid minner om at medan investeringane på norsk sokkel i 2014 var på 220 milliardar kroner, vil dei i år truleg hamne på 180 milliardar kroner.

– Og det er meir på eit normalt nivå. Eg trur bølgjedalen som vi no er nede i, vil vare ut 2016, og at det allereie i 2017 vil vere fullt køyr igjen, seier han optimistisk.

Les også: Vard-ansatte er usikre på framtidaFull ordrestopp hos verftene

Rekordmange lisensar

På spørsmål om kva andre tiltak politikarane kan bidra med, svarar Oskar Grimstad at på grunn av den situasjonen som vi har kome i som følgje av låg oljepris, vert det lyst ut rekordmange lisensar både i Barentshavet og i Norskehavet.

Også dette håper han kan hjelpe på situasjonen som har oppstått.

LEDER: Tiden inne for grønn omstilling

Utfordrar Arbeidarpartiet

Oskar Grimstad ynskjer også å utfordre Arbeidarpartiet.

– Eg meiner partiet spreier usikkerheit i samband med iskanten. Dette kan føre til at fire av dei utlyste blokkene i Barentshavet aust fell ut. Det var Arbeidarpartiet i regjering som opna dette området, og eg tykkjer det politiske spelet som vi no ser, er merkeleg. Dette kan setje både arbeidsplassar og oljeaktivitet i desse områda på spel, meiner stortingsrepresentant Oskar Grimstad.

Les også:Statskraft vil skape aktivitet i nordvest