Stolen «Ekstrem» frå Variér og garderobekroken «Hlin» frå Grande fabrikker vart heidra med bransjeprisar frå Norsk Industri møbel + interiør fredag.

Møbelbedrifta Variér, som har administrasjonen sin på Håhjem i Skodje, står bak «Ekstrem», ein stol som vart designa av Terje Ekstrøm i 1972.

Opprinneleg designa han stolen for Hjellegjerde. Sidan tok Stokke over, og no er det altså Variér som er produsent.

– Ekstrøm var ein designar som tenkte ulikt dei fleste andre, seier Kjetil Tandstad ved Møbelmuseet i Sykkylven.

Ekstrem Terje Ekstrøm (1944–2013) designa stolen «Ekstrem» allereie i 1972. Men stolen vart først sett i produksjon i 1984. Foto: VARIER

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Populær

– På museet har vi ein «Ekstrem». Og det artige er at når det kjem ungar innom, så oppdagar dei stolen etter fem sekund, og skal prøve han.

Salstala for «Ekstrem» står ikkje i forhold til den merksemda stolen har fått på grunn av sin spesielle utsjånad. Men han er framleis ein merkestein innanfor norsk møbeldesign.

Juryen som har bestemt at Variér skal få klassikarprisen seier at «Ekstrem» framleis står utan konkurranse eller kopiar. Juryen har iallfall ikkje funne noko produkt som eventuelt kunne erstatte eller likne på «Ekstrem».

Det blir også vist til at «Ekstrem» er utvikla av ein kresen designar som i tillegg til denne stolen har signert få, men svært sentrale produkt som vil bli hugsa for ettertida.

Årets produkt

Ein uvanleg garderobekrok frå Romsdal vart kåra til «Årets produkt» av Norsk Industri møbel + interiør. Bak kroken står Grande Fabrikker i Innfjorden i Rauma.

Tanken bak var at Grande ville finne ein krok som ikkje var ein sikkerheitsrisiko for borna.

Alvorlege ulukker

Det har nemleg skjedd fleire alvorlege ulykker der barn er blitt hengande fast i krokar og snorer.

Dette har igjen resultert i at fleire barnehagar har fjerna dei såkalla ankerkrokane på garderobehyllene. Men ein garderobe utan moglegheit til å henge opp klede gjev dårlegare bruksverdi, meinte Grande – og utvikla kroken «Hlin» som er laga slik at han løyser seg ut ved ei belastning på ca. åtte kilo.

Juryen er begeistra over løysinga, og uttaler at Grande har løyst eit viktig problem. Kroken «Hlin» er utvikla for å kunne tole vekt for sin naturlege bruk, og for å kunne løysast ut når belastninga blir for stor, seier juryen.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook