Medan andre sel-mottak har lagt ned og staten har kutta støtta, har Arnfinn Karlsen gjort seg klar.

– Heile bransjen har vore forgifta med statsstøtte, ingen har brydd seg om å tenke kreativt, seier Arnfinn Karlsen i Polargodt as i Herøy.

Over fleire år har han bygt opp eit sel-mottak i Tjørvågane. I fjor bygde han også eige garveri og utvikla eigne skinnprodukt.

Eigen kolleksjon

No har Arnfinn Karlsen klar ei rekke varer frå eigen kolleksjon, som skinnvest, sofaputer og ryggsekk.

I tillegg produserer han sel-olje som skal vere rik på omega-3 og andre helsebringande stoff.

– Eg går gradvis over til å produsere Polarolje sjølv. Siste trinnet i raffineringa manglar vi, fortel Karlsen.

No meiner han å vere klar til å tene pengar.

Andre sesong

Dette er andre sesongen med selmottak for Polargodt. I fjor tok dei for første gong imot sel, meir enn 4.000 dyr, frå skuta «Havsel» av Alta.

I år har «Havsel» vore einaste norske sel-skute i isen, og Polargodt er einaste mottak i landet.

Økonomi

Men selfangst-skipperen er usikker på om det blir ein ny sesong neste år.

– Vi må få betalt tilsvarande det vi fekk i tilskot. Då er det ikkje utenkeleg med fleire turar, seier skipper Bjørne Kvernmo.

Fleire av mannskapet på «Havsel» sa til Sunnmørsposten før helga at det nok ikkje blir lott etter årets selfangst, etter dårleg vêr og dårleg fangst og ingen statsstøtte. Heilt fritt for lott blir det visst likevel ikkje, sjølv om det var ein dårleg tur.

– Det blir kanskje 10 prosent av ei vanleg løn på land, seier skipper Kvernmo. – Elles går det på entusiasme og gammal vane.

Besøkingstid

Men i Herøy er Arnfinn Karlsen optimist og trur dette er ei framtidsnæring.

– Kvoten er 25.000 vaksne grønlandssel, og 50.000 yngre. Berre ein brøkdel av dette blir tatt. Selfangst har ei stor framtid.

No meiner han at både fiskerinæringa og oppdrettsnæringa bør sjå si besøkingstid og støtte selfangsten. Om det skulle kome ein selinvasjon langs kysten der det er oppdrettsanlegg, ville det vere katastrofalt.

– I tillegg dreg fiskereinæringa nytte av å oppretthalde selfangst, meiner Karlsen.