For slik han ser det, hastar det verkeleg. Mange småkraft er eigde av lokale grunneigarar, og med dagens låge kraftpris er mange på konkursens rand.

Saman med stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) har Oskar Grimstad over fleire år arbeidd med denne saka, etter at mange småkraftverk bygde mellom 2004 og 2009 ikkje fekk grøne sertifikat, sjølv om fleire regjeringar hadde lova det.

Slit tungt

– Mange av desse slit tungt økonomisk. Då dei vedtok investeringane, hadde dei rekna med å få inntekter frå elsertifikat, seier Oskar Grimstad som er medlem av Energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

Det som no skjer, er at saka vert sendt ut på høyring. Oskar Grimstad reknar med at Stortinget i løpet av våren gjer vedtak.

Bergar økonomien

– Dette vil berge økonomien og hindre at mange går frå gard og grunn, seier han.

Når det gjeld økonomisk inndekning, vil ein normal husstand med eit årleg forbruk på 20.000 kWh, få ein auke i straumrekninga på vel 50 kroner i året.

Det finst ingen statistikk over kor mange småkraftverk dette dreiar seg om, men Småkraftforeininga reknar med at det kan dreie seg om minst 170 småkraftverk med ein årsproduksjon på 1,9 TWh.

Flagga til topps

Egil Berge i Eidsdal, medeigar i Eidsdal Kraft AS og styremedlem i Småkraftforeninga, jublar etter at Olje- og energidepartementet no vil utvide ordninga med grøne sertifikat.

– Dette er ein gledens dag og flagga går til topps, seier han.

Småkrafteigar Trond Ryslett frå Austefjorden i Volda seier at Ørsta og Volda er mellom dei områda som har vorte hardast råka av at småkraftverk har vore stengt ute frå ordninga med grøne sertifikat. I dette området dreiar det seg om 11 småkraftverk.

Han reknar med at småkraftutbyggjarar i Ørsta og Volda er snytt for 30 millionar kroner, og at området over ein periode på 15 år kvart år har gått glipp av skatteinntekter på 20 millionar kroner.

Øydelegg ikkje balanse

Thema Consulting vurderer det slik at småkraftverka kan sleppe inn i sertifikatordninga utan å øydeleggje balansen i kraftmarknaden, og utan at det totale ambisjonsnivået for utbygging av fornybar energi vert redusert.

Oskar Grimstad meiner det er politisk fleirtal for å innlemme småkraftverka i elsertifikatordninga.

Har snudd

Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre fremja før valget eit dokument 8-forslag for Stortinget, men forslaget vart nedstemt.

Grunnen til at Grimstad trur på fleirtal denne gongen, er at Senterpartiet har snudd.

– Det einaste som manglar, er eit forslag frå regjeringa. Og det kjem, lovar stortingsrepresentant Oskar Grimstad.