I papirutgåva av Sunnmørsposten laurdag kan du sjå stor fotoreportasje om bygginga av «Rem Ocean»

Fredag var det skipsdåp på kvar side av den indre fjorden i Ulsteinvik. På sørsida var det «Rem Ocean» som vart døypt ved Kleven verft, medan Ulstein verft leverte sitt fartøy nummer 300 då sjampanjeflaska small i skutesida på «Polar Onyx».

Les også: Milepæl for Ulstein verft

Open brønn

Det avanserte subsea-fartøyet Kleven leverte til Rem Offshore, er skreddarsydd for oppdrag for Statoil og det første verftet har bygd med tårn.

Offshorefartøyet har ein såkalla «moonpool» - ein open brønn i skipet - som skal vere enklare og meir effektivt å jobbe med framfor ei kran utfor skutesida. Frå tårnet skal ein handtere utstyr til arbeid på havbotnen.

Les også: Betre drift for Rem

Sikra arbeid i fem år

Det 107 meter lange og 22 breie skipet er fartøy nummer 16 i rekkja frå Kleven til Herøy-baserte Rem Offshore. Skipet skal rett ut i ein fem år lang kontrakt med Statoil som vert utført av det Haugesund-baserte Deep Ocean.

Kontrakta er den mest verdifulle Deep Ocean har kapra nokon sinne, og det var naturleg at gudmor for skipet var Camilla Kringen Mæland frå selskapet. Arbeidet går ut på inspeksjon, vedlikehald og reparasjon av installasjonar på havbotnen.

Les flere næringslivsnyheter på smp.no

I front gudmor Camilla Kringen Mæland frå Deep Ocean med Rem Offshore-direktør Åge Remøy (t.v.) og konsernsjef Ståle Rasmussen i Kleven Maritime bak. Den vesle jenta på bilde heiter Birthe og er barnebarnet til Remøy. Foto: Olav Thokle