Tysdag passerte aksjekursen til Farstad Shipping ei symbolsk grense. Etter at kursen på det lavaste i haust var så lavt som 11,30 kroner per aksje, er den no oppe i det doble.

Tysdag føremiddag stabiliserer kursen seg på rundt 22,50, etter å ha vore oppe i 22,90, viser ein oversikt frå Oslo Børs.

- Nei, eg har absolutt inga forklaring på det. Eg har heller ikkje vore inne og sett på kor stort volum som er omsett, seier Farstad Shipping-direktør Karl Johan Bakken i ein kort kommentar.

Dagens kurs er likevel langt unna aksjekursen for nokre år sidan. I løpet av dei siste fem åra har kursen vore oppe i 200 kroner.

Følg Sunnmørsposten jobb og næringsliv på Facebook!