Dettte kan gje nye moglegheiter for dei omstridde Møreblokkene.

I pressemeldinga som arrangørane Møre og Romsdal fylkeskommune og Gassco har sendt ut, går det fram at nye og banebrytande metoder kan opne for nye moglegheiter for oljeutvinning frå dette havområdet der det foregår eit rikt fiskeri. Det er Reelwell som skal presentere teknologien som gjer boring frå land mogleg. Vidare vil Johannes Kjøde frå Oljedirektoratet snakkeom Møreblokkene, ressursbiletet og leitehistoria.

Fylkesordførar Jon Aasen skal sparke i gang dagen som startar 15. juli, ved å dele sine tankar om regional tilrettelegging og vertskapsrolla fylkeskommunen har.

Ole Myklestad frå AS Norske Shell skal fortelje om karbonfangstprosjektet i Peterhead utanfor Storbritannia.

Utnytting av spillvarme er eit anna tema som vert belyst. Det er snakk om å utnytte spillvarme frå Nyhamna, slik at den ikkje berre  forsvinn i havet. Studentar frå NTNU har sett på prosjektet og vil presentere arbeidet sitt.

Vidare vil Ingvar Kvande frå Bioforsk Økologisk dele tankar om biogassproduksjon i Norge.