Det fortel designar Runa Klock (38), opphavleg frå Sjøholt, men no busett i Oslo.

Torsdag opnar 100 % Norway-utstillinga i London.

Denne utstillinga er ein del av London Design Festival, og dette er 12. gongen at 100 % Norway blir arrangert i London.

Målet er å kapre ein global designmarknad med norsk funksjonalitet, minimalisme og nyskaping.

Nordvestlandet blir representerte ved Runa Klock, designaren Silje Nesdal frå Stryn, møbelbedrifta Tonning & Stryn AS – samt designstudioet Fjordfiesta i Molde.

Krakk

– Eg viser min Dual, ein barkrakk som kan nyttast av både korte og lange, forklarer Klock.

Ho fortel at Dual har to ulike høgder på fotkvilaren, og er utan rygg. Medan barkrakken ikkje har funne nokon produsent enno, er det bedrifta Trefjøla som er oppdragsgjevar for Runa Klock sine tre skjerefjøler som ho viser fram i London denne veka.

– Eg håper også å kunne finne nokon som vil produsere stolen, seier designaren frå Ørskog.Dette er fjerde gong ho stiller ut på 100 % Norway i London.

Gjer som fleire enn 23.000 andre - lik smp.no på Facebook

Ho har gode erfaringar:

– Det er lagt opp til eit variert program. Her får vi treffe produsentar, andre designarar og pressen – og det blir debattar.

– Norsk design får for tida stor merksemd i utanlandske media. Og vi har mange spanande samarbeidsprosjekt på gang, legg Runa Klock til.

Stryn

Designaren Silje Nesdal frå Stryn skal vise fram ei takhengt lampe blåst i glas. Lampa «Sling» kjem i fleire fargar.

Tonning & Stryn skal vise fram produksjonsmateriale- og teknikkar.

Utstillinga til 100 % Norway blir arrangert av Utanriksdepartementet, den norske ambassaden i London og Norsk design og arkitektursenter. Runa Klock har sitt eige designkontor i Oslo, men har studiofellesskap med fem andre designarar.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Men sjølv om ho har gjort austlending av seg, har ho framleis nære band til Sunnmøre:

– Eg var heime i Ørskog så seint som sist helg. Og eg skal tilbake til Sunnmøre i oktober. Då skal i eg i ei veke delta på ein workshop i regi av Møbelkraft i Sykkylven. Her skal vi arbeide saman med Sandella i Sykkylven, og saman prøve å tenkje nytt, forklarer Runa Klock.

Denne barkrakken skal Runa Klock vise fram i London.