Per Magne Grøndahl vil ikkje være konkret på kor mykje dei har betalt for aksjeposten, utover at det er betydelege beløp:

– No har vi auka eigardelen i Nergård Holding til i overkant av 40 prosent, og vi har dermed gjort ei betydeleg investering her. Vi ser etter moglegheiter, og vi ønskjer å vere i fisk, seier Grøndahl.

Følg smp.no på Facebook

Tung investering

Investeringa i det Senja-baserte konsernet er gjort i selskapet Bollagrunn AS. Det er eit selskap som er tilknytt Norsk Sjømat Holding.

Eigarane bak Bollagrunn er Bjarte Tunold med 66 prosent og Norsk Sjømat Holding med resten (der Tunold og Grøndahl er  50/50 eigarar journ. nam.).

Rekneskapet for Bollagrunn i 2013 viser at anskaffelseskostnaden for dei første 25 prosentane var 81 millionar kroner. Kva som er betalt for den resterande eigarposten, er uvisst.

Nergård-konsernet omsette i fjor for 1,8 milliardar kroner, og driv både innan kvitfisk og pelagisk. Dei har eigne kvotar og båtar, og er eit av dei største trålreiarlaga i Noreg.

Spesielt år i Norsk Sjømat

Når det gjeld resultatet i Norsk Sjømat i fjor, er Grøndahl ikkje nøgd med resultatet.

Sjølv om Norsk Sjømat AS auka driftsinntektene kraftig til 749 millionar kroner i fjor, vart resultatet før skatt berre fire millionar kroner (mot 30 mill. i 2012).  I Norsk Sjømat Holding vart driftsinntektene 804 millionar kroner og resultatet før skatt vart i overkant av 9 millionar.

– Resultatet vart svært dårlig av to grunnar. På grunn av stigande og høge lakse-/råstoff-prisar, og fordi vi sat innelåst med kontraktar ut mot kundane, tapte vi pengar. Samtidig måtte vi skrive av på ei fordring mot ein kunde i Canada der vi tapte eit større beløp, seier han.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Normalår i år

Ifølgje Grøndahl, ser inneverande år betre ut.

– Men det har vore høge lakseprisar heilt ut til juli, det er først i august og september at prisane har falt. 2014 vil bli eit meir normalår resultatmessig for Norsk Sjømat.

Når det gjelder marknaden til Norsk Sjømat, har dei historisk eksportert størstedelen. Men innlandsmarknaden har blitt viktigare dei siste to åra.

Lakseolje- og mel

Eit anna dotterselskap i Norsk Sjømat Holding, er Vital Seafood. Dei leverer gode tal som vanleg, og fekk i fjor eit resultat før skatt på 10 millionar av ei omsetning på 46 millionar.

Selskapet starta opp i 2009, og driv produksjon av lakseolje og laksemel av slo og avskjær frå slakteri og foredlingsindustrien.

Konsesjonar

Norsk Sjømat Oppdrett, som er heileigd av Norsk Sjømat Holding, har ein laksekonsesjon som dei fekk tildelt i 2009.

Grøndahl kunne godt tenke seg fleire fordi ein konsesjon er altfor lite i forhold til dei store voluma dei produserer. Konsernet søkte, men fekk ikkje fleire konsesjonar under tildelinga i 2013.

– Vi som foredlar i Norge har prøvd å få konsesjonar, men myndigheitene prioriterer ikkje oss, og det til trass for at vi står for mange arbeidsplassar, seier han.