Resultatet er ei betring i resultat frå drift på 59 millionar kroner, opplyser selskapet i ei pressemelding måndag.

– Det blir arbeidd godt i organisasjonen for å sikre god lønsemd i det vi gjer, og vi har ein sterk posisjon som det leiande selskapet i marknaden. Det gode kvartalsresultatet speglar dette, fortel administrerande direktør Dagfinn Neteland i Fjord1.

Sluttar tysdag

Toppsjefen for ferjeselskapet kunngjorde nyleg at han vil trekkje seg frå stillinga ved årsskiftet - saman med store delar av styret. Men måndag kveld melder NRK Sogn og Fjordane at direktøren sluttar allereie tysdag.

– Han ønskjer sjølv å gå. Han får sterk anerkjenning for arbeidet han har gjort. Men han flagga sin avgang då vedtaket om salet kom, og vi fann det praktisk å avklare dette på siste styremøte i år.

Selskapet opplyser at god regularitet i trafikken og positivt utvikling på dei fleste sambanda ligg bak resultatbetringa.

– Konsernet styrar med stødig kurs mot eit mål på vel 200 mill. kr i resultat før skatt i 2015, og det er gode utsikter for Fjord1 dei komande åra, seier Neteland.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Uro om aksjesal

Salet av aksjeposten til Sogn og Fjordane fylkeskommune i Fjord1 har skapt mykje uro kring selskapet den siste tida, og var årsaka til at Neteland trakk seg.

Siste ord er framleis ikkje sagt i den saka. Fredag skal politikarane ta stilling til om salet var gjort på lovleg vis i eit ekstraordinært fylkesting.