Stortingsrepresentant Oskar Grimstad (Frp) fryktar sysselsetjing i maritim industri i Møre og Romsdal kan verte ramma som følgje av at 23. konsesjonsrunde i Barentshavet enno ikkje er lyst ut.

– Opplegget til regjeringa var at denne konsesjonsrunden skulle vere klar til utlysing før jul. Men usemje med samarbeidspartia Venstre og Kristeleg Folkeparti er forklaringa på at det enno ikkje har skjedd, seier Oskar Grimstad, fraksjonsleiar for Frp i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, til Sunnmørsposten.

Negative signal

Grimstad har merka seg at den kraftige nedgangen i oljeprisen har ført til oppseiingar og permitteringar i oljeindustrien, og at det også har kome signal om lågare aktivitet frå fleire aktørar i petroleumssektoren.

Han etterlyser den vitamininnsprøytinga som ei ny leiterunde kan utløyse, og legg ikkje skjul på at han fryktar det kan få store negative konsekvensar også for vår eigen maritime industri dersom nye leiteområde ikkje vert opna.

– Det hastar verkeleg, seier han og legg til at det her kviler eit stort ansvar på Venstre og Kristeleg Folkeparti.

– Det vert uansett ei utsetjing. Men det må ikkje gå så lang tid utpå nyåret før leiteområda i nord vert lyste ut, seier han.

Grenselinjeavtale

Den 23. konsesjonsrunden inneheld dei første utlysingane av blokker i Barentshavet søraust, eit område som vart ein del av norsk sokkel som følgje av grenselinjeavtalen med Russland i 2011.

– For oljeindustrien betyr opning av desse områda nye moglegheiter, understrekar Oskar Grimstad.

Heilt avgjerande

Han viser til at den nordnorske leverandørsamanslutninga PetroArtic meiner tilgangen til nye leiteområde både nord i Barentshavet og inn mot Russland kan verte heilt avgjerande for industrien.

– Dette vil også gjelde vår eigen maritime industri, understrekar Oskar Grimstad.

Miljøvennleg

Han nemner også at IEA, det internasjonale energibyrået, gjer eit poeng av at Norge er det landet som produserer olje og gass med minst miljøbelastning.

– Då kan det ikkje vere eit mål å redusere vår eigen olje- og gassproduksjon og overlate den til nasjonar med vesentleg større utslepp, seier stortingsrepresentant Oskar Grimstad.

Fisk først

Stortingsrepresentant Pål Farstad frå Venstre seier han har som køyreregel at dersom det i eit område som vert opna for petroleumsaktivitet oppstår konflikt mellom olje og fisk, er det fisk som skal prioriterast.

Han gjer det også klart at når oljealderen ein gong er over, er fiskeri ein av berebjelkane som vi nordmenn skal leve av.

Når det gjeld den konkrete saka som Oskar Grimstad (Frp) tek opp, viser han til partikollega, stortingsrepresentant Ola Elvestuen, som sit som leiar i energi- og miljøkomiteen på Stortinget. Men Sunnmørsposten lukkast ikkje med å få tak i Elvestuen i går.