Alt saman blir å sjå på den store designmessa ICFF 2013 i New York, som opnar laurdag.

I alt fem norske bedrifter og 18 unge designarar deltek på den norske fellesstanden under namnet «Insidenorway», eit prosjekt i Norsk Industri møbel+interiør.

Stordal

Ein av dei som set kursen over Atlanterhavet er Håkon Vad, dagleg leiar i Vad AS i Stordal:

– Dette er ei viktig messe der det nyast innan møbel og interiør blir vist fram – i lokale som ligg sentralt på Manhattan. I fjor var det 26.000 besøkjande innom, fortel Vad.

Dette er fjerde gongen stordalingane deltek på messa i New York, og dei gjer det fordi det nyttar.

– Vi har seld møblar både til USA og Canada på grunn av denne messa. Det har gått containerar med møblar frå oss.

Denne messa varer fram til tysdag i neste veke. I juni er det ei liknande messe i Los Angeles. Vad deltek der, også – på ei messe som er endå større enn messa i New York.

Den norske møbeleksporten til USA utgjer årleg om lag 400 millionar kroner. Håkon Vad trur det er mogleg å selje meir:

– Alle marknader er vanskelege for tida, også det amerikanske. Men vi ser ein oppadgåande tendens der, og ønskjer å gjere oss endå meir synlege. Stolen Vad skal vise fram er ein kvilestol som har fått namnet «nIce». Han er designa av Sigurd Strøm og designteamet hos Vad.

Håkon Vad er løyndomsfull når han blir beden om å fortelje om den nye stolen:

– Det er ei heilt ny løysing, med ein unik mekanisme. Meir korkje kan eller vil eg fortelje om no.

Kokon

Varier i Skodje skal også vise fram en kvilestol i New York, nemleg «Kokon».

Dette er ein stol som er designa av Thomas Pedersen, og som første gong vart vist på Køln-messa i vinter. Stokke AS i Ålesund, som lagar TrippTrapp-stolen, barnevogner og bæreseler, er tredje Møre-bedrift på messa.

«Kokon» til Varier AS er designa av Thomas Pedersen.