Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) i Sogn og Fjordane fekk æra av å setje i gang dei nyutvikla robotane ved Ekornes Grodås måndag formiddag.

- Eg er oppvaksen med Ekornes, og for meg står Ekornes for soliditet og nyskaping, sa Kjelsnes under markeringa.

Klipte snor

Kjelsnes såg det som ei stor ære å få klippe snor og trykke på knappen som sette robotane i arbeid. Dette skjedde under fylkesutvalet i Sogn og Fjordane sitt besøk i Hornindal måndag.

Fylkesutvalet fekk omvising i fabrikken, som har i underkant av 100 tilsette.

Armlenar

- Det finst ikkje noko liknande andre stader i verda. Robotane er spesialdesigna for Ekornes, og vi håpar prosjektet skal få synergieffekt for monteringsprosessar andre stader i Ekornes, sa Bjørlo.

Sju årsverk

Dagle leiar Knut Olav Rygg fortel til Sunnmørsposten at robotane skal gjere arbeid tilsvarande sju menneskelege årsverk.

- Men etter planen blir ingen overtalige her. Når vi automatiserer, vil kostnadene gå ned og dette er noko som blir godt motteke i marknaden med auka sal, seier Rygg.

Åshild Kjelsnes er fylkesordførar i Sogn og Fjordane. Ho klipte snor og trykte på knappen for å markere offisiell opning av dei nye robotane ved Ekornes Grodås.
Nær hundre personar har arbeidet sitt ved Ekornes Grodås. Den nye robotavdelinga gjer at meir produksjon blir automatisert, men etter planen blir det ikkje færre tilsette.