SpareBank 1 er Norges største bankallianse og er eigd av 13 sjølvstendige sparebankar. Sparebanken Sogn og Fjordane blir den 14. banken, og den sjette største i alliansen, ifølgje ei pressemelding.

Banken med hovudkontor i Førde, står sterkt i Nordfjord, blant anna i Stryn, der ein annan bank i alliansen, Sparebank 1 Søre Sunnmøre, opna kontor rett før påske. Dei blir som kjent ein del av Sparebank 1 SMN 2. mai.

Stryn får dermed to konkurrerande bankar i same allianse, ifølgje lokalavisa Fjordingen.

– Eg skjønar at folk kan lure om dei to bankane no vert same bank. Men det er ikkje tilfelle, seier Stig Brautaset, som er administrerande direktør i Sparebank 1 Søre Sunnmøre og påtroppande konsernsjef i den fusjonerte banken.

Han seier til avisa at det ikkje er uvanleg og viser til at både Ålesund, Molde og Kristiansund allereie har to konkurrerande Sparebank 1-bankar. Slik det no vil bli i Stryn.

– Vi har framleis ambisjon om å bli den største banken på Sunnmøre og i Fjordane, og vil vere konkurrent på same måte, sjølv om Sparebanken Sogn og Fjordane kjøper seg inn i alliansen, seier Brautaset til avisa.