– Dette er ei trist avslutning på eit langvarig arbeidsforhold, seier tidlegare banksjef i Sparebanken Møre, Øystein Grønmyr.

Han er ein av fleire noverande og tidlegare tilsette som har saksøkt sparebanken, med støtte frå fagforeiningane Econa og Finansforbundet.

– Saka gjeld banksjefar som har søkt om AFP-pensjon i den tru at dei var kvalifiserte. Men så har det vist seg at dei har fått avslag. Vi meiner det skuldast mangelfull innrapportering av tenestetid frå banken si side, seier advokat Liv Toril Evenrud i fagforeininga Econa.

– Er det store summar det er snakk om?

– Vi har ikkje rekna på det, men det er snakk om ei livsvarig AFP-ordning, så svaret er ja, seier advokat Liv Toril Evenrud.

To forbund

Ho representerer to av saksøkjarane, mellom dei Øystein Grønmyr. I tillegg har Finansforbundet tatt ut stemning på vegner av fleire medlemmer. Søksmålet kjem for Sunnmøre tingrett i haust.

– Sidan dette er å sjå på som personalsaker vil vi ikkje gi kommentarar, seier Sparebanken Møre sin advokat, Bjarne Hodne.

Øystein Grønmyr fortel at han fekk utbetalt AFP- pensjon i fire månader.

– Så fekk vi beskjed om at formalitetane ikkje var på plass. Dermed vart utbetalingane stansa. Men vi slapp å betale tilbake til NAV, fordi dei meinte vi var i god tru, seier Grønmyr.

65-årsgrense

Han meiner også at det er diskriminerande når han måtte slutte i ein alder av 65 år, og har dermed to søksmål på gang.

– Det var vore ulik aldersgrense for ulike grupper i banken, seier Grønmyr.

Denne saka er på eit førebuande stadium i rettssystemet.

– Det vert førebudd liknande saker for fleire andre av våre medlemmer, seier advokat Liv Toril Evenrud i Econa.

Øystein Grønmyr arbeidde i Sparebanken Møre i 20 år. Han fortel at nokre av dei andre som går til sak har jobba i banken i 40 år.

– Sparebanken har vore ein god arbeidsplass, med mange flinke kollegaer. Eg hadde lenge håp om ei minneleg ordning. Det kjennest forferdeleg at vi må gå til rettssak, men det var siste utveg, seier Grønmyr.