Det er avisa Møre-Nytt som melder at firmaet vert underentreprenør for sørlandsfirmaet Kruse Smith – som nyleg vann kampen om å utbetre ei strekning på fylkesveg 60 i Stryn.

Strekninga på kring fem kilometer mellom Ugla og Skarstein er tidlege kåra til Norges verste veg. Volda-bedrifta skal både gjere vegarbeid oppe i dagen, og arbeid på den 1.170 meter lange tunnelen forbi Vangberghammaren.

– Vi reknar med å halde på eit par års tid. Det er svært gledeleg at vi fekk dette oppdraget i ei tid der det er lenge mellom muligheitene. Det har ikkje vore lyst ut ein vegjobb i vårt område på halvanna år, og meir enn nokon gong er det kamp om oppdraga, fortel Jon Grebstad i Volda Maskin til lokalavisa.