Det er prosjektet «Sett sjøbein» som har bestilt rapporten frå Møreforskning, som mellom anna viser forskjellane på kva kvinnelege og mannlege fiskarar gjer etter at dei gir seg i fiskaryrket. Medan den største andelen kvinnelege fiskarar sluttar mellom dei er 20 og 29 år gamle, fortset den største andelen menn til dei er over 70 år. Det skriver Sysla.no.

Frå utradisjonelt til tradisjonelt

– Vi jobbar med å utnytte kompetansen innan den maritime næringa, og ville derfor sjå på korleis fiskarane nyttar den kompetansen dei har etter at dei har gått i land, og kvifor folk forlet fiskeflåta, seier Janita Arhaug frå Herøy, som er leiar i Sett sjøbein.

Ho vart overraska over at kvinnelege fiskarar, som i utganspunktet har valt eit utradisjonelt yrke, ofte vel tradisjonelle yrker innan helse, omsorg og service etter at dei har gitt seg som fiskarar.

– Mannfolka derimot, blir verande i annan type maritim verksemd, forklarar ho.

Vil vise moglegheitene

Ho seier at fleire delar av den maritime næringa på land ønsker meir kompetanse som fiskarar har, men at dei ikkje kan konkurrere med fiskarlønningar.

– Men dei må jo ha jobb når dei gir seg som fiskarar og. Eg trur ikkje damene veit om alle moglegheitene som eksisterer, seier Arhaug.

Derfor vil Sett sjøbein no jobbe med å formidle desse moglegheitene til kvinnene medan dei framleis er ombord i fiskeflåten.

Undersøkinga viser også at det er svært ulike grunner til at kvinner og menn sluttar som fiskarar. Medan menn slutter på grunn av andre jobbtilbod eller at dei ønsker å ta utdanning, slutter kvinner oftare på grunn av familie eller helsemessige grunnar.

Janita Arhaug