Eigendelane etter konkursen i Stryn Sommarskisenter Eigedom vert truleg selt i løpet av onsdagen.

Det er advokat Jan Erik Mardal som tek hand om salet av dei pansette eigendelane på vegner av  Sparebanken Vest.

– Salet er ikkje avklart, men vi antek at det skjer i løpet av dagen. Det går føre seg ei bodrunde no, seier Mardal til smp.no.

Følg smp.no på Facebook

Krav på 3,3 millionar

Sparebanken er desidert største kreditor med 2,2 millionar uteståande. Det er til saman meldt inn krav på 3,3 millionar kroner etter selskapet gjekk over ende  i september.

Mardal vil ikkje opplyse kven som er med å kampen, men til saman fire aktørar har vore inn med bod. Dei som har vist seg interesserte, har lagt inn bod på alle eigendelane.

Les også: Fem vil kjøpe sommarskisenter Les også: Sommarskisenter på billigsal

Fryktar slakt

Om eigendelane vert selt samla - gir det eit håp om vidare drift på skisenteret, men mellom sommarskientusiastar har det vore frykta at anlegget vert slakta, og selt stykkevis og delt.

Salet omfattar en trakkemaskin frå 2011, stolheisen, breheisen og servicebygg med aggregat og tekniske installasjonar. Ifølgje berekningar frå bustyrar har eigendelane ein anteken verdi på om lag tre millionar kroner.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Driftsselskapet Stryn Sommarski vart tvangsoppløyst tidlegare i år, og eigedomsselskapet stod difor for drifta den rekordkorte sesongen i år.

Eigarane Moods of Norway, Nordfjord Kjøtt og Stryn kommune har ikkje ønskja å gå inn med meir pengar for å sikre drifta, og selskapet meldte oppbod i slutten av september.