Kleven Maritime leverte eit overskott før skatt på 189 millionar kroner, ifølgje rekneskapen for 2013.  Driftsresultatet enda på 172 millionar frå ein rekordhøg omsetnad på 4,2 milliardar.

– Vi har hatt eit frykteleg travelt år med høg aktivitet og mange utfordringar. Det er mange som har gjort ein god jobb, seier adminstrerande direktør Ståle Rasmussen.

Lågare enn i 2012

Resultata er noko svakare enn i 2012. Då hadde konsernet eit resultat før skatt på 258 millionar og eit driftsresultat på  263 millionar, frå ein omsetnad på 2,8 milliardar.

Han peiker på krevande nybygg, store investeringar og intern reorganisering som forklaringar.

50 prosent fleire tilsette

Den høge aktiviteten har ført til at konsernet ved utgangen av 2013 hadde 770 tilsette, mot 518 tilsette ved utgangen av 2012. Det utgjer ei auke på heile 50 prosent.

I hovudsak dreier det seg om at Kleven i dag gjer meir av stålarbeidet sjølv.

Alle tilsette vil få utbetalt bonus, men størrelsen vert ikkje opplyst. Årsaka er at den vert utrekna ulikt for de ulike selskapa.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Fem av seks skip levert lokalt

Konsernet leverte i løpet av 2013 seks nybygg til ein samla kontraktsverdi på nær 3 milliardar kroner.  Heile fem av desse skipa gjekk til lokale reiarlag på Sunnmøre.

Av dei to verfta, Kleven i Ulstein og Myklebust i Sande, er det Kleven som står for størstedelen av omsetnaden. Konsernet opplyser ikkje andelen for dei ulike selskapa no, men i 2012 hanka Kleven verft inn dryge 80 prosent av inntektene i konsernet.

Optimist

Kleven har per i dag 12 fartøy i ordreboka, til ein samla kontraktsverdi på om lag 7,5 milliardar kroner.

– Vi trur at den generelle etterspurnaden vil helde seg høg. For tida er det mest aktivitet i området for konstruksjonsfartøy, påpeiker Rasmussen.