Birgitte Ringstad Vartdal. Foto: Privat

Reiarlaget Golden Ocean Group bytter ut toppleiaren. Inn som adm.dir kjem sunnmøringen Birgitte Ringstad Vartdal.

Ho har vore finansdirektør i selskapet sidan 2010, og erstattar Herman Billung, som har vore adm.dir i 11 år, skriv selskapet på si nettside.

– Talentfull

Dagens Næringsliv har snakka med den avtroppande direktøren, som berre har lovord å seie om selskapets nye sjef.

– Eg har jo jobba nært og godt saman med Vartdal i fleire år. Ho er svært talentfull og veldig kapabel til å overta selskapet, seier Billung.

Ringstad Vartdal er dotter av den markante Knut Vartdal, som har vore statssekretær i Fiskeridepartementet og fiskeridirektør, i tillegg til å vere leiar av Vartdal Fiskeriselskap i ei årrekke.

Tilfreds John Fredriksen

Golden Ocean Group er eit tørrlast-reiarlag notert på Oslo Børs. Dei har mellom 60 og 70 skip i flåten, ifølgje selskapet si nettside.

Styreformann og storeigar John Fredriksen skriv at han er tilfreds med at Ringstad Vartdal tar steget opp.

– Eg vil takke Herman Billung for hans bidrag og dedikerte arbeid dei siste 11 åra, og ønskjer han alt det beste i framtida. Eg er også svært tilfreds med at Birgitte Vartdal tar steget opp til administrerande direktør, seier John Fredriksen.

Birgitte Ringstad Vartdal er sivilingeniør i fysikk og matematikk frå NTNU, og har i tillegg ein master i finansiell matematikk.

Følg Sunnmørsposten jobb og næringsliv på Facebook