Vakne tipsarar melde onsdag ettermiddag frå om at delar til eit skip var å sjå i slep forbi Flø.
Og, kan kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund i Kleven fortelje:
- Det dreier seg om modulane til diamantskipet som er under bygging for selskapet De Beeers - verdas største diamantselskap. Vi driv sjølv og bygger den største modulen - motorromseksjonen, og i dag kom altså fleire andre delar frå ulike verft i Polen, seier ho.
Les også: Maritim strategi kan gi flere diamant-skip (krev innlogging)
- Det er eit ganske så spesielt skip, dette, som skal drive med mineralleiting på havbotnen. Det er 112 meter langt, og skal vere ferdig til sommaren, legg ho til.