Bussane skal leverast før 1. juli neste år. Verdien er ein stad mellom 180 og 200 millionar kroner, skriv Fjordingen.

– Dette er dei største ordrane vi har underteikna på ein dag nokon gong for Vest Buss Norge. Dette er eit stort lyft for oss, seier salsdirektør Odd Gunnar Tunold til lokalavisa.

Kontraktane blei underteikna med Nettbuss fredag, på den store bussmessa Busworld 2015 i Belgia. Bussane kjem til Norge frå produsenten Iveco Bus i Tsjekkia frå april månad. Deretter skal Vest Buss Norge klargjere bussane.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

60 av bussane skal til Glåmdalen, 55 til Grenland og seks til Bergen. Anboda varer i ti år og Vest Buss skal også ha service/vedlikehald på bussane.