Det seier dagleg leiar Jarle Støylen i verksemda Brimer AS på Kvamøya. Verksemda som lagar vedlikehaldsfrie plasttankar til vannavløp, fiskeoppdrett, oljeindustrien og andre føremål, har også ein fabrikk i Tunisia.

– Fabrikken ligg ein og ein halv times køyretur frå hovudstaden. Terrorangrepet er trist, men vi ser at det kan skje alle stader. Vi held difor fram som før, seier Støylen, som fortel at fabrikken vart bygd i 2005, altså før den arabiske våren. Tomta er på 30 mål, og 20 tilsette har sitt daglege arbeid der. Støylen seier at ein har planar om å utvide verksemda. Produksjonen går mest til den lokale marknaden, men ein har også importert nokre av produkta til Norge.

– Tunisia er eit gryande demokrati, og styresmaktene er svært opptekne av utvikling og turisme. Nyleg er det gjort vedtak om oppsamling av kloakk i spredt bebyggelse, same reglar som Norge tidlegare har vedteke. Vi er den einaste norske verksemda i området, hevdar Støylen.

– Vi har sett stor framgang i landet sidan vi etablerte, men eg er skuffa over at Norge har flytta ambassaden til Algerie. Norge er no berre representert med ein chargé d'affaires, seier Støylen.