Metizoft har kapra ein større avtale med Harvey Gulf. Herøy-bedrifta skal vedlikehalde og kvalitetssikre oversikt over muleg miljøfarleg stoff om bord i offshoreskipa til det amerikanske reiarlaget.

Gjer som over 20.000 andre - følg smp.no på Facebook

I første omgang gjeld avtalen for ti skip, men også komande nybygg skal inn i same avtale. Berre i løpet av året, vil den truleg omfatte 14-15 skip.

– Vi har fleire slike avtaler med amerikanske verft, men at ein så stor og anerkjend reiar føretrekk oss frå vesle Fosnavåg, er eit gjennombrot. Samstundes har avtalen ein økonomisk verdi, fortel dagleg leiar Gry Cecilie Sydhagen i Metizoft til smp.no.

Årlege inntekter

Skipa må til ein kvar tid vite kva som finst om bord av miljøfarlege stoffer, ved såkalla IHM-dokumentasjon (Inventory of Hazardous Materials). Det kjem av krav frå  Den internasjonale sjøfartsorganisasjonen (IMO).

Partane opplyser ikkje størrelsen på avtalen i kroner og øre, men marknadsdirektør Øyvind Sundgot i Metizoft seier at avtalen har betydeleg verdi.

– Etter at skipa er levert frå verft, må reiarlaga halde denne dokumentasjonen oppdatert. Ein slik avtale gir oss difor årlege inntekter, påpeiker han.

Per i dag har selskapet slike avtalar på 120-130 skip.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

På bakgrunn av nye EU-krav vil fleire fartøy har behov for slik dokumentasjon. Ifølgje Sundgot må i praksis alle verdas skip over 500 bruttotonn dødvekt ha ein slik kontinuerleg oversikt innan utløpet av 2018.

Kraftig vekst

Metizoft blei starta opp i 2006 og har vekse kraftig dei siste åra. Bedrifta har nær tredobla inntektene sine frå 2010 til 2013, frå rundt fem millionar til 14 millionar.

Etter underskott både i 2011 og 2012, kunne dei notere eit resultat før skatt på drygt 800.000 kroner i 2013.

Rekneskapen for 2014 er ikkje klar enno, men Sundgot seier at dei reknar med å hamna på same nivå som året før: – Også ligg vi an til å auke meir i 2015, fortel han.

Amerikanske Harvey Gulf med hovudkontor i New Orelans, har 52 offshoreskip som i første rekkje gjer arbeid i Mexicogolfen.