Havyard Group kjem på hovudlista på Oslo børs.

Det vart klart tysdag etter at kursen for nedsal er justert ned.

For to veker sidan vart investorar invitert til å kjøpe aksjar for 36 kroner aksjen.  Aksjeprisen er justert ned til kroner 33.50 per aksje, melder Havyard i ei børsmelding tysdag ettermiddag.- Ved denne justerte kursen er det mottatt bestillingar som overstig minimumsvolumet på 4.200.000 aksjar og overtildelinga på 420.000 aksjer. - Det betyr at det er mottatt eit tilstrekkeleg antal teikningar til å kvalifisere for notering på hovudlista ved Oslo Børs. Bestillingsperioden vert avslutta tysdag klokka 16.00, melder selskapet.

Per Sævik har tidlegare sagt at denne grensa går ved ein milliard kroner.

Havyard-sjef Geir Johan Bakke.