I vinter slo kjøkkenprodusenten Kvalsvik Produksjon seg konkurs, etter at firmanamnet var endra til Takk og Farvel As.

Bustyrar Erling Flisnes stilte spørsmål ved om innehavar Geir Kvalsvik burde ha slått firmaet konkurs tidlegare. Bustyraren meinte politiet burde undersøke dette nærare. Politiet registert det som ei straffesak.

– Denne straffesaka mot dagleg leiar og styreleiar i føretaket er no lagt bort av påtalemakta, skriv leiar for økoseksjonen i Ålesund, politioverbetjent Eivind Klokkersund, i ein epost til Smp.no.

Geir Kvalsvik seier dette er som venta.

– For meg var det som venta. Eg kan ikkje sjå at eg kunne avslutta på eit tidlegare tidspunkt, seier Kvalsvik til Smp.no.

Ny produksjon

– Vi har åtte tilsette og fulle ordrebøker fleire veker framover, seier Geir Kvalsvik.