Brønnbåtselskapet Dess Aquaculture har tinga utstyr til ein verdi av 50 millionar kroner frå Havyard MCC i samband med at dei bygger ny brønnbåt.
Joint venture-selskapet er eigd av John Fredriksen-kontrollerte føretaka Marine Harvest og Deep Sea Supply.
Utstyret skal på det første nybygget som reiarlaget skal bygge ved eit verft i utlandet. Avtalen har gjort med opsjon på tre nye fartøy, ifølgje børsmeldinga torsdag.