– Det begynte med Rocknes-forliset. Då såg vi på TV at folk banka i skroget på det kantra skipet, seier Asbjørn Dyb til Sunnmørsposten.

TRAGEDIE: Ankerhandteringsskipet Bourbon Dolphin kantra nordvest for Shetland i april 2007. Åtte menneske omkom. Asbjørn Dyb frå Valderøya trur oppfinninga hans kan redde liv ved skipskantringar i framtida.

Då «Rocknes» kantra i Vatlestraumen ved Bergen i januar 2004, omkom 18 menneske. Fleire av dei vart funne inne i skroget.

– Då Bourbon Dolphin gjekk rundt og åtte menneske omkom i 2007, vart eg heilt sikker. Det måtte vere mogleg å få til ei løysing her.

Godkjent

No har sunnmøringen teke patent på oppfinninga, og både Det Norske Veritas og Sjøfartsdirektoratet har godkjent den.

– Når skipet har kantra, skal mannskapet ha moglegheit til å kome seg ut gjennom ei luke under kjølen. Før dei går ut gjennom luka, tek dei på seg redningsdrakter og anna utstyr i eit tett rom. Når dei kjem seg ut, kan dei forlate skipet både med livbåt og helikopter.Oppfinninga, som først vart omtalt av TV2, er utvikla i samarbeid med Ålesund kunnskapspark, Skipsteknisk AS og reiarlaget Volstad Marine AS.

Sjå video-animasjon av oppfinninga i toppen av saka

Oppfinninga består mellom anna av ei luke i kjølen, som gjer at mannskap som elles ville vore fanga i skroget kan redde seg ut. Animasjon: Hammerhai AS

– Eg trur ein slik installasjon kunne redda liv på «Rocknes» og «Dolphin», men det er sjølvsagt umogleg å vite. Dette er i alle tilfelle ein siste utveg for mannskapet, seier Dyb.

Planen er at oppfinninga skal kunne monterast på dei fleste typer skip, frå større sjarkar til cruiseskip. Om installasjonen kan leverast som ein ferdig modul, eller må spesialteiknast, vil variere frå skip til skip

– Det blir altfor kostnadskrevjande å ettermontere noko slikt. Men på nybygg er kostnaden ganske liten.

Prototype

No som alle godkjenningane er på plass, går Dyb i gang med å førebu bygginga av ein prototype av oppfinninga.Håpet er at den skal vere installert på eit nybygd skip i 2015.

Asbjørn Dyb.

– Det mest interessante er å bygge den lokalt. Men det kan også hende den blir produsert i utlandet, seier Dyb.

Kva synest du om oppfinninga? Sei meining di i kommentarfeltet under.

Asbjørn Dyb. Foto: Privat