Tettstader som Kvam og Vinstra er snart historie for bilistar på gjennomfart. Før året er omme kan du suse over til andre sida av Gudbrandsdalslågen, ta ein snarveg gjennom fjellet og følgje elva på vestsida i 90 kilometer i timen.

For tungtransporten skal dette bety minst 12 minutt kortare reisetid.

I desember skal det 33 km lange milliard-prosjektet på E6 mellom Sjoa og Frya stå ferdig.

Laks frå nordvest

For næringslivet på Nordvestlandet betyr dette ganske mykje. Dagleg rullar det 20 vogntog med laks ut frå Marine Harvest sitt anlegg på Eggesbønes i Herøy.

Dei fleste vogntoga går gjennom Gudbrandsdalen.

Her kan du sjå 360°-foto av prosjektet. Presentasjonen er utarbeidd av Arild Solberg i Sykkylven.

Motorveg Ny E6 (raud strek) tar snarvegen gjennom fjellet ved Kvam. Etappen mellom Sjoa og Frya skal stå ferdig i desember. Også for dei som vil køyre gamle E6 blir det bompengar, men med litt rabatt. Teikning: Statens vegvesen

– Dagens veg er overbelasta og går gjennom tettbygde område. Ny E6 gir langt betre flyt, og betre trafikktryggleik, seier regiondirektør Asgeir Hasund i Marine Harvest.

Strekninga frå Sjoa til Frya er første etappe. Når ny E6 Otta-Ringebu ein gong står ferdig, blir det med berre 80- og 90-soner.

Her kan du sjå Vegvesenet sin eigen presentasjon av vegprosjektet (ekstern side).

Lokal entreprenør

Ørsta-firmaet K.A. Aurstad bygger strekninga mellom Sjoa og Vinstra, i samarbeid med det sveitsiske konsernet Implenia.

Kontrakten har ein verdi på 1,6 milliardar kroner. Det har gitt Aurstad tre år med godt med arbeid.

– Vi bygger vegane, og Implenia bygger betongkonstruksjonane, seier adm.dir. Per Kristian Langlo i K.A. Aurstad.

Han fortel at dei i si tid fekk tilslaget med svært knapp margin, i konkurranse med Veidekke.

– Gode planar for gjennomføringa gjorde at det vippa i vår favør med ein margin på 12 millionar kroner, fortel Langlo.

Det har sikra sysselsetjinga for entreprenøren. Dei fleste tilsette er frå søre Sunnmøre og Nordfjord.

2014 var eit rekordår for K.A. Aurstad. For 2015 forventar Langlo omtrent same omsetning.

Bompengar

Men for bilistane betyr den nye vegen bompengar.

– For personbilar utan brikke kan det bli bompengar opp mot 100 kroner for denne strekninga, men dette er ikkje avgjort i departementet. Dei som køyrer gamle E6 skal betale 75 prosent av taksten på ny E6, opplyser Eli Ramstad i Statens vegvesen.