Tysdag lanserte Innovasjon Norge eit nytt nivå for næringsklynger i Norge. Inntil i dag har øvste nivå vore NCE, Norwegian Center of Expertise. Den maritime klynga på Nordvestlandet er i denne samanheng kalla NCE Maritime.

Det nye toppnivået er GCE, Global Centres of Expertise.

Kriteriet for GCE er følgjande: «Klynger med ein velfungerande klyngeorganisasjon, ei kritisk masse med partnarar med høg interaksjon på eit breidt strategisk aksjonsområde, forankra i eit velfungerande innovasjonssystem, og med ein veletablert posisjon innanfor globale verdikjeder.»

Det er i dag 12 NCE-klynger.

-  Det blir færre enn dette på det nye nivået. Samtidig er det ikkje bestemt kor mange klynger som får bli GCE, seier spesialrådgiver Kjetil Svorkmo Bergmann i Innovasjon Norge til Smp.no. Han fortel at det er stor interesse i næringsklyngene for å rykke opp.

Sterke miljø

- I Norge har vi sterke klyngemiljø som konkurrerer i den globale marknaden og som har ei verdsleiande rolle på sine felt, seier næringsminister Monica Mæland i ei pressemelding.

- Dette vil bli eit slags «Champions League» for det norske næringslivet, og eit klyngeprogram berre dei aller ypperste av næringsklyngene våre kan kvalifisere seg til, seier Mæland.

I tråd med dette vil Innovasjon Norge, Forskningsrådet og SIVA starte opp eit nytt program for utvikling av næringsklynger. Forskningsrådet og fem eksterne medlemmar skal avgjere kva prosjekt som skal utnevnast til Arena-, NCE-, og GCE-klynger.

Auka finansiering

Finansieringsramma per klyngeprosjekt vil vere større for GCE enn for dei andre.

I statsbudsjettet for 2014 er det totalt sett av 127 millioner kroner i støtte til klyngemiljøa. Dette er 30 millionar kroner meir enn i 2013.

- Vi har sett oss eit ambisiøst mål om at Norge skal bli eit av Europas mest innovative land. For å få til dette vil vi satse på tiltak vi veit har gode resultat. No tar vi grep for å fornye og forbedre programmet vårt for klyngeutvikling, seier næringsminister Monica Mæland.