Rem Offshore ASA oppnådde driftsinntekter på 313,6 mill kroner i 3. kvartal, melder Rem Offshore i kvartalsrapporten.  Driftsresultatet før avskrivingar (EBITDA) for 3. kvartal vart 162,2 mill. Det gir ein driftsmargin på 51,7 prosent.

Etter finans og skatt går tredje kvartal med eit tap på 19 millionar kroner. Då er eit urealisert valutalån på 58 millionar tatt med. Årets ni første månader endar på eit resultat på 51 millionar kroner etter skatt.

– Driftsmessig er Q3 eit heilt greitt kvartal for oss, seier Åge Remøy til Sunnmørsposten.

Samla hadde flåten ein utnyttingsgrad på 86 prosent i tredje kvartal.

Kontroll på låna i 2016

Låneforfalla neste år har dei god kontroll på, ifølgje Remøy.

– Det som er av låneforfall neste år er for det aller meste unnagjort, seier Åge Remøy til Sunnmørsposten.

Samla gjeld er 4,9 milliardar kroner.

Fleire kontraktar går ut neste år

Men kontraktar på fleire av offshorebåtane går ut i 2016.

Dersom ingen av operatørane er interessert i å ta i bruk opsjonane, har Rem Offshore berre fire - 4 - skip i drift om 12 månader, går det fram av kvartalsrapporten

Oversikt over kontraktane, henta frå kvartalsrapporten til Rem Offshore.

– Vi har fleire kontraktar som løper ut neste år, dessverre. Vi prøver å reengasjere flåten på ein fornuftig måte. Det blir veldig tøft framover. Vi må spare kostnader der vi kan spare, seier Remøy.

Tre nye eller fornya kontraktar

  • I tredje kvartal har Rem forlenga kontrakten for PSV-skipet «Rem Supplier» frå november 2015 til mars 2016.

  • Det vart inngått ny kontrakt for PSV-skipet «Rem Arctic». Oppstart er rundt årsskiftet, og varigheit er estimert til 120-150 dagar.

  • Kontrakten for CSV-skipet «Rem Poseidon» er reforhandla. Raten er redusert, og fast varigheit på kontrakten er forlenga med eitt år, fram til november 2018.

19 skip

Rem Offshore har seks subsea-/konstruksjonsfartøy (CSV) som alle går på faste kontraktar, tolv plattform supplyskip (PSV) og eit kontruksjonsskip (OCV).

Tøffast er det i marknaden for PSV-ar. Her går halvparten av fartøya på faste kontraktar. Tre av skipa ligg i opplag.

Rem har også eit OCV-skip som skal leverast i 2017. Dette er så langt ikkje langtidsfinansiert.

For årets ni første månader er driftsinntektene 921 millionar kroner, mot like over ein milliard kroner same periode i fjor. Driftsmarginen så langt i år er 51,9 prosent, mot 61 prosent same periode i fjor.

Eigenkapitalandelen var 31,6 prosent.