Snart ligg 60 offshore-skip i opplag rundt Nordsjøen.

– Det må minst 30 fartøy til i opplag for å få marknadsbalanse, seier Per Sævik til VG.

– Talet 30 er ikkje eksakt vitskap. Om du tel båtane som ligg i Bergen, Stavanger og Aberdeen, så er dette omtrent det talet som må til for å seie at det kanskje er balanse i marknaden, seier Sævik til Sunnmørsposten.

Talet inkludere både plattform supplyskip (PSV-ar) og ankerhandterarar (AHTS-ar).

Dekker halve driftskostnaden

– Det er først no det ser ut til at ankerhandling trekker seg ut av marknaden, seier Per Sævik til Sunnmørsposten.

– Ratane for ankerhandlarar i Nordsjøen er litt over halvparten av driftskostnadene. Det er rimeleg dramtatisk, legg Sævik til.

Inkudert desse to vil 15 ankerhandlarar ligge i opplag rundt Nordsjøen. I tillegg er også meir enn 40 supplyskip og tre multifartøy i opplag, viser ein oversikt hos skipsmeklaren Westshore. Mange nye båtar og lave oljepris er grunnen.

Fleire AHTS-ar blir trekt ut

Sævik meiner å vite at også andre reiarlag vurderer å legge fleire skip i opplag.

– Eg trur at andre sit og tel på knappane. 55.000 for dag for ankerhandlarar er litt meir enn halve driftskostnadene. Eg trur alle forstår at det over tid ikkje er mulegheit til å kunne eksistere og samtidig ligge og trade i denne spotmarknaden, seier Sævik til Sunnmørsposten.

I alle fall håper han på det.

– Etter vår oppfatning må alle no bidra, for å sjå om ein kan få til ein balanse som er slik at dei båtane som er i drift får noko høgare inntening enn dei siste månadane, seier Sævik.

Aktivitet i Nordsjøen

Trass brukbar aktivitet er ratane lave.

– Det som har særprega ettersommaren i år er ein del aktivitet i Nordsjøen. Men det har heile vegen vore så mykje båtar at ein aldri har greidd å løfte nivået på ratane, også når førespurnadene har vore relativt mange, seier Sævik, og legg til at av erfaring ser ting vanskeleg ut no, men at dette er eit kvileskjer for bransjen.