Gudmora Connie Brown måtte ikkje berre halde på hatten, under dåpsseremonien på kaia i Fosnavåg. Vêret var langt frå noko hattevêr, og gudmora måtte også ta av seg hatten før sjampanjeflaska small i skutesida.

Den engelske gudmora valde å lese dåpsteksten på norsk, og fekk stor applaus frå dei mange frammøtte.

Smalt

Kvalsvik-Nerlandsøy Musikkorps spelte, og administrerande direktør Ståle Rasmussen i Kleven talte under seremonien.

– Dette er ikkje den største båten vi har bygd for Olympic Shipping, men eg mistenker at Stig (Remøy) har bestilt ein båt som akkurat skulle passe å få inn i vågen her, sa Rasmussen med eit smil.

Det var nemleg akkurat klaring for Olympic Bibby, då båten gjekk inn vågen for å legge til ved hotellet. Opninga skal ifølgje informerte kjelder vere 22 meter brei - og båten er 19 meter brei.

– Det var berre 1,5 meter klaring på kvar side, men det gjekk fint, seier Svein-Rune Gjerde i Marin Teknikk, som har designa båten.

Lokalt prosjekt

Olympic Bibby er ein liten subsea-båt - 87,75 meter lang og 19 meter brei. Det er Olympic Shipping i Fosnavåg som har fått bygd skipet ved Kleven Verft i nabokommunen Ulstein. Frå kontrakt blei skriven til båten blei ferdig, gjekk det 17 månader - noko som er svært raskt, ifølgje Rasmussen.

Fartøyet er designa av Marin Teknikk i Herøy, og ei heil rekkje lokale leverandørar har medverka til utrusting av skipet.

Etter dåpen går skipet rett i oppdrag for selskapet Bibby Line på britisk sektor i Nordsjøen.

Skipet har lugarkapasitet til eit mannskap på 68 personar.

Vi skrev først i en stikktittel at skipet "går rett i opplag". Det riktige skulle naturligvis være: "går rett i oppdrag". Sunnmørsposten beklager.