Administrerande direktør i Island Offshore, Håvard Ulstein. Arkiv.
            (Foto: Staale Wattø.)

Administrerande direktør i Island Offshore, Håvard Ulstein. Arkiv.Foto: Staale Wattø.

Resultat for 2016

Island Offshore med store nedskrivingar

Island Offshore gjekk med eit underskot på meir enn 900 millionar kroner i 2016.

Verdiane til Ulsteinvik-selskapet vart nedskrivne med heile 1,26 milliardar kroner i fjor. Av dette utgjer nedskriving av flåten 896 millionar kroner.

I tillegg kom renteutgifter på nesten 350 millionar kroner.

Til saman er dette langt meir enn driftsresultatet, som enda på 687 millionar kroner.

Dermed vart underskotet for Island Offshore på like over 900 millionar kroner.

Her kan du laste ned finansrapporten frå selskapet (ekstern side)

10 av 28 fartøy var i opplag ved årsskiftet. Fem av desse vil vere i drift i løpet av mars.

Stor gjeld

Renteberande gjeld var ved årsskiftet tett opp under sju milliardar kroner.

Island Offshore inngjekk ein standstillavtale med kreditorane 22. november. Til dei sikra lånegjevarane har selskapet presentert eit omfattande forslag til restrukturering. Forslaget blir no vurdert. Stillstand-avtalen er gyldig ut juni i år, opplyser selskapet i årsrapporten.

Island Offshore har sidan årsskiftet seld tre skip: «Island Earl», «Island Express» og «Island Performer».


Island Offshore tek inn att 300 sjøfolk

Island Offshore kan ta fire båtar ut av opplag.



Ulstein leverte endeleg milliardskip

Tysdag vart «Island Venture» levert frå Ulstein verft. Dette er det største skipet frå verftet nokon sinne.

 
Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

Jul på sunnmørsk

Jazza julestemning og prisutdeling

Kafeen Lyspunktet var mandag kveld fylt til randen av julestemning.

Kystreiarlaga og Ekornes samde om at dei som lagar varene bør få økonomiske gulrøter:

– Endringa frå land- til sjøtransport skjer for sakte

Trass politisk vilje og uttalte ønskjer om å flytte transport til skip, er lite konkret skjedd. Kystreiarlaga har fleire forslag til korleis det kan endre seg.