Det er Scana Propulsion, dotterselskap av Scana Industrier ASA, som har signert kontraktar for levering av framdriftsutstyr til kunder i Norge, Brasil og Sør-Korea. Kontaktane har ein verdi av totalt 52 millionar norske kroner.

Kontraktane omfattar ifølgje ei børsmelding torsdag levering av både framdriftssystem og tunnel-thrustarar.

Les også: Kleven skal byggje ny superyacht

Leveringa skal skje frå andre kvartal i 2015 til fyrste kvartal 2016. Kontraktane inneheld også opsjonar på ytterlegare leveransar.

– I den relativt tøffe marknaden som rår, er vi stolte over å signere kontraktar internasjonalt. Det er godt å få bekrefta at Propulsion framleis er konkurransedyktige i strategisk viktige segment. Norge, Brasil og Sør-Korea er viktige marknader for Scana Propulsion, og dei signerte kontraktane representerer fokusområda offshore og fiskefarty, seier Hallvard Pettersen, dagleg leiar i Scana Volda.

Les fleire næringslivsnyheiter her