Klevenkonsernet eit Kleven Verft (bildet) i Ulstein og Myklebust Verft i Sande. 
            (Foto: Marius Rosbach)

Klevenkonsernet eit Kleven Verft (bildet) i Ulstein og Myklebust Verft i Sande. Foto: Marius Rosbach

Utanlandske investorar inn i Kleven

Investorar går inn med 300 millionar kroner i ny kapital i Klevenkonsernet.

Hurtigruten og selskapets eigarar, det britiske forvaltningsselskapet TDR og Petter Stordalen, blir største aktør i Klevenkonsernet, med ein andel på litt over 40 prosent.

Det melder Kleven-konsernet i ei pressemelding fredag morgon.

Investorar går inn med 300 millionar kroner i ny kapital i Klevenkonsernet. Investorgruppa består også av Åge Remøy og Magnus Roth gjennom InYard Invest, det familieeigde tyske selskapet Lürssen-Group og investoren Per Lillebø. Også Kleven-familien sine selskap John Kleven AS og H-Invest AS har skote inn pengar.

Reforhandla låneavtale


Kleven i krise:

Kleven verft har 4 milliardar i gjeld

Fire milliardar kroner i gjeld og underskot på ein halv milliard to siste åra. Det er den dramatiske situasjonen for Kleven verft.

Som eit ledd i at Kleven no styrkar soliditeten, har partane også reforhandla låneavtalene med bankane.

– Det er semje mellom investorane om avtalen, men nokre formelle atterhald gjeld framleis. Mellom anna må selskapet sine bankar og Giek godkjenne avtalen, men dei har vore tett involverte i arbeidet heile tida, så det er grunn til å tru at også den delen av prosessen kjem endeleg på plass, seier Kleven-direktør Ståle Rasmussen i pressemeldinga.

– Samfunnsengasjerte og dyktige eigarar

Ved Kleven i Ulsteinvik, som ligg like ved leia der Hurtigrutens skip har seila året rundt i snart 125 år, er dei nøgde med storsatsinga frå investorgruppa.

– Vi er glade for interessa vi har opplevd for å investere i konsernet. Dette sikrar oss soliditet og kraft til å gå laus på nye, framtidsretta prosjekt. No har vi fått på plass samfunnsengasjerte og dyktige eigarar med eit langsiktig industrielt perspektiv, seier Rasmussen.

– Sikrar nye arbeidsplassar

Det nye investeringsfellesskapet går inn med totalt 300 millionar kroner i ny kapital i Klevenkonsernet.

– Dette vil sikre nye arbeidsplassar og vidare vekst både ved Kleven-verfta og for norsk verftsindustri, seier Hurtigruten sin konsernsjef Daniel Skjeldam.

Hurtigruten har tidlegare bestilt det som blir beskrive som verdas mest miljøvenlege ekspedisjonsskip – hybriddrivne MS Roald Amundsen og MS Fridtjof Nansen – hos Kleven. I denne kontrakta ligg også ein opsjon for ytterlegare to ekspedisjonsskip av same type.

– Med Kleven som eit av dei fremste eksempla, er norsk verftsindustri i verdsklasse. No går vi saman for å vidareutvikle den unike kompetansen, sikre nye lokale arbeidsplassar og skape vekst i konsernet som bygger framtidas skip, seier Skjeldam.

Petter Stordalen

Hurtigruten er nesten heileigd av det britiske forvaltningsselskapet TDR. Kor mykje pengar Hurtigruten-eigar Petter Stordalen og hans investeringsselskap Strawberry Equity går inn med i Kleven er ikkje kjend.

– Klevenkonsernet har, i likskap med andre norske verft, fått merke nedturen i olje- og offshoresektoren, men kompetansen til dei tilsette og Kleven-familien er botnsolid. Vi gler oss over å kunne bidra inn i eit nytt, spanande kapittel for Kleven, seier investor og Hurtigruten-eigar Petter A. Stordalen.


Kleven med full ordrebok uten å tjene penger

Må låne penger av ansatte

Tidlegare i år har dei tilsette ved Kleven bidratt med eit lån på 24 millionar kroner gjennom lønnstrekk.

Det var eit konstruksjonsskip som skulle til eit malaysisk reiarlag som utløyste dei økonomiske problema ved Kleven, etter at reiarlaget ikkje var i stand til å ta ut den kostbare båten.


Kabeleggjar frå Kleven er Årets Skip

Kleven verft vann lokaloppgjeret mot Ulstein om heidersutmerking.

 
Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

Resultata tikkar inn:

Sula tar av i tv-aksjonen

Rundt 1.000 personar har vore innom på den direktesende folkefesten til tv-aksjonen i Langevåg.

Møre og Romsdal er på foreløpig 1. plass i tv-aksjonen

Klokka 21.15 låg Møre og Romsdal på topp på fylkesstatistikken på tv-aksjonen.

Åndalsnes

Syklist alvorleg skadd

Luftambulanse er rekvirert etter at ein syklist og ein bil har kollidert på Åndalsnes.

Hareidstemna

Moser heim att til Hareid

Grunna gittercellene i hjernen fann mange fram til Hareidhallen laurdag.

Barneteatret Vårt:

– Hvem vil du være om du kan velge helt selv?

Goodbye til alt vi må, skal og burde være, til rosa for jenter og blått for gutter. Hello til ei framtid der du kan være og se ut akkurat som du vil.