Onsdag 14. oktober får Hans Olav (21) ein spesiell dag då han skal «skygge» Rederiforbundet sin leiar, Sturla Henriksen.

21-åringen frå Ørsta er plukka ut blant 30 elevar og studentar som får delta på «Leiar for ein dag», eit arrangement i samarbeid mellom Ungt Entreprenørskap og ManpowerGroup.

Hans Olav har utmerka seg som leiar i studentbedrifta SeaGuard UB.  Dei har utvikla ny teknologi som skal auke mannskapet sin tryggleik om bord på store båtar.

– Eg er veldig stolt over å bli plukka ut blant så mange gode kandidatar. Det vil bli ein utruleg lærerik og spanande dag, kor eg kan få innsyn i ein toppleiar sin arbeidskvardag. På mange måtar er det ein draum som går i oppfylling, seier den unge gründeren til Ungt Entreprenørskap.

Over 11.000 elevar og studentar driv ungdoms- og studentbedrifter i regi av Ungt Entreprenørskap årleg.

– Unge gründarar som tek risiko og utfordrar seg sjølv fortener merksemd. Det er dei som skal skape dei nye arbeidsplassane. Det er dei som skal bidra til innovasjon og bringe samfunnet vårt framover, seier Kirsten Aure, dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal.

Norges Rederiforbund er ein interesse- og arbeidsgivarorganisasjon innen skipsfart og offshore. Medlemmane sysselsetter om lag 50.000 sjøfolk og offshorearbeidarar frå meir enn 50 nasjonar, skriv Ungt Entreprenørskap.

Henriksen seier at dei gjerne ønsker å bidra til erfaring og kompetanse, noko som vil kome både dei unge og samfunnet til gode.