Ein person måtte til legesjekk då «Ullensvang» krasja i kaia på Sulesund, onsdag. Fleire bilar dunka i kvarandre.

No skriv Vikebladet at ein motor slo seg ut, og at ferja vart teken ut av drift på sambandet.

– I løpet av fredag vil det kome ei vikarferje for Ullensvang, skriv avisa.

Utåker i Norled opplyser at han trur Ullensvang kan vere tilbake i sambandet onsdag i neste veke. Ei vikarferje frå Molde vil kome, slik at det i løpet av fredag vert tre ferjer i Hareid - Sulesund igjen.

Kioskvarer velta ut over då ferja smalt inn i kaia. Foto: Solveig Merethe Fannemel