Regjeringa foreslår å løyve 38,3 millionar kroner til 350 nye studieplassar for PPU. Det skal gi ingeniørar og andre med realfagskompetanse ein veg inn i læraryrket.

– Vi treng fleire realistar inn i skulen og kjem til å prioritere søkjarar med teknologisk fagbakgrunn eller utdanning i matematikk, naturfag og teknologi frå område med aukande arbeidsløyse, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

Vart faglærar

Ein av dei som alt har nytta seg av sjansen er Tommy Bjørnerem Furuli frå Molde. Han vart ferdig utdanna kjemiingeniør frå Høgskulen i Bergen i fjor. Med fordjuping i prosessteknologi tok han sikte på ein jobb i oljesektoren, men vart i staden lærar på Fræna Vidaregåande skule.

No tek han PPU-utdanning på deltid ved Høgskulen i Volda.

– Yrkeslivet vart ikkje heilt som venta, og i starten tok eg det nok som eit nederlag at eg vart lærar. Men eg trivst veldig godt med den jobben eg har. Og eg vart lærar fordi eg ønskjer å vere det - ikkje fordi eg måtte. Eg jobbar med motiverte elevar, og det er eit privilegium, seier Tommy Bjørnerem Furuli.

– Eg er ein av tre i min klasse  på 28 i kjemiingeniørutdanninga som har ein relevant jobb, legg han til.

Heimestudier

Undervisinga er i stor grad basert på heimestudiar, men om lag kvar 14. dag er det samling i Volda.

– Studiet er OK. Dette er noko eg må gjennom for å byggje CV, seier Bjørnerem Furuli.

PPU-utdanning er eit krav til dei som skal undervise i skulen. Utdanninga skjer over eitt år på full tid, eller to år på deltid. Dette er ei av dei mest populære studia ved Høgskulen i Volda, med nesten 100 studieplassar, fordelt på eit løp for allmenne fag og eitt for yrkesfag. Høgskulen håper å få utvide tilbodet.

– Dei nye studieplassane er ikkje fordelte, men vi har sagt at vi kan styrkje vårt tilbod med ti plassar, seier dekan Arne Myklebust ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning ved Høgskulen i Volda.

Søkjarrush

I år var det rundt 400 søkjarar til dei om lag eitt hundre studieplassane i Volda.

– Det er tydeleg at det er stor interesse for å kvalifisere seg for arbeid i skuleverket. Og det er gode sjansar for å få seg jobb, for det er stor mangel på kvalifiserte lærarar både i den vidaregåande skulen og grunnskulen, seier Arne Mykleust.

Det er meir å hente på statsbudsjettet for lærarutdanninga. Regjeringa føreslår 50 rekrutteringsstillingar til innføring av femårig lærarutdanning.

– Vi håper sjølvsagt på å få flest muleg av desse stillingane, seier dekan Arne Myklebust ved Høgskulen i Volda.

<strong>Populært:</strong> Arne Myklebust er dekan for avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning ved Høgskulen i Volda. Arkivfoto: Anne Mari Tomasgaard