Kva skal kvinner med Møre og Romsdal?

Maria Dyrhol Sandvik er 28 år, frå  Gursken, har ein mastergrad i statsvitskap, har jobba  litt i Bergens Tidende og har mellom anna skrive ein artikkel omkring kvifor Møre og Romsdal ikkje er like attraktiv for kvinner som for menn, der eitt av dei grunnleggjande spørsmåla er: Kva skal kvinner med Møre og Romsdal?

Førebels ser det ut til at det er Hordaland som har vunne kampen om Sandvik sin kompetanse.  Ho har fått seg jobb som  rådgivar for rektor ved Universitetet i Bergen.

Si din mening i kommentarfeltet: Hvordan kan vi få unge kvinner til å bli i fylket vårt?

Grafikk: Kvinner forsvinnerLes også: Advarer mot kvinnemangel

Machokultur og deltid

- Eg har tidlegare lese kva Ole Helge Hauge har sagt om dette. Eg trur han har rett i at forklaringa ligg i kombinasjonen av to ting. Det eine er næringsstrukturen i Møre og Romsdal, at den automatisk gir eit ganske maskulint næringsliv. Det andre, som kanskje har samanheng med næringsstrukturen, er kulturelt betinga. Vi har ein machokultur.

Men ting stikk også  litt djupare enn det. Veldig mange damer i Møre og Romsdal jobbar deltid samanlikna med andre stader i landet, påpeiker Sandvik.

Leiar: Likestilling er god næringspolitikk

Mindre rom for kvinner med høg utdanning

Ho syner også til forsking som seier at kvinnene sine arbeidslivsdeltaking heng saman med politisk deltaking:

- Færre kvinner deltar i politikken i Møre og Romsdal enn andre stader. Møre og Romsdal har, relativt sett,  låg andel av kvinnelege kommunepolitikarar og kvinnelege ordførarar.  Likestillinga står svakare hos oss, vi har ein meir kjønnsdelt arbeidsmarknad og eit stort mistilhøve mellom kor mange kvinner som deltar i fulltids arbeid og politikk, samanlikna med menn. Til saman bidrar dette til at kvinner som har høgere utdanning opplever at det er mindre rom for dei, seier Sandvik.

Vanskeleg med partnar som ikkje er herifrå

Ho peikar også på at mange av desse damene som reiser ut av fylket har skaffa seg ein partner.

- Der vi kjem ifrå er arbeidslivet framleis nettverksbasert. Ein rekrutterer gjennom kjennskap og venskap.  Når ein har skaffa  seg ein partnar  som ikkje er frå heimfylket blir det ein ekstra terskel, fordi det er vanskelegare for denne å få seg jobb.

Eg har inntrykk av at arbeidslivet i Møre og Romsdal i stor grad er nettverksbasert.  Eg trur næringslivet kan tenke litt på det. Hjelper ein  folk som har lyst til å komme og etablere seg, eller har ein mest lyst å tilsette folk ein kjenner frå før?Dette handlar om kultur, om kva ein ser på som verdfullt.

Trekke til seg folk som ikkje har vakse opp på Sunnmøre

Sandvik peiker på at sjølvlært har vore idealet i Møre og Romsdal.

-  Det er fint. I resten av landet er det omvendt. Ein verdset praktisk kunnskap i altfor liten grad. Eg trur ikkje vi skal dit heller. Men ein er nøydd til å opne for ei ny tid. Folk reiser også meir enn før. Ein må ha  ambisjonar om å trekke til seg folk som ikkje har vakse opp på Sunnmøre. Næringslivet må tenkje nytt og større og ikkje berre tilsette slekt og vener.

Si din mening i kommentarfeltet: Hvordan kan vi få unge kvinner til å bli i fylket vårt?