Det er Sparebank1 Søre Sunnmøre som har bestilt analysen.

- Dei to nye vegsambanda har påverka samfunnsutviklinga på mange område. Det er grunn til å tru at sjølv om det er sju år sidan opninga av Eikssundsambandet, så er integreringa mellom dei to sidene i sambandet framleis pågåande, konkluderer forskar Kjersti Straume i Møreforsking.

Ho viser mellom anna til at det har vore sterk og vedvarande auke i trafikken gjennom Eiksundtunnelen.

Dette er ei oppfølging av ei tilsvarande analyse og spørjegransking som vart gjort i 2011. Sidan den gong har Kvivsvegen blitt ferdig. Dermed er det først og fremst effekten av dette sambandet som kjem fram i årets analyse. Ikkje uventa har vegen ført til auka samkvem mellom først og fremst Hornindal/ Stryn på eine sida og Volda/Ørsta på den andre sida.

- Det er grunn til å tru at denne auka mobiliteten vil skape ein stadig sterkare integrasjon inn mot Den Nye Regionen, men det er enno for tidleg å vurdere den fulle effekten, står det i analysen.

Flyplassen i Ørsta/Volda er den institusjonen som klarast har blitt påverka av dei nye sambanda, med stor trafikkvekst. Men også sjukehuset i Volda har blitt styrka. 74 prosent av dei spurde i Hornindal, og 34 prosent av dei spurde i Stryn ser på Volda som sitt lokalsjukehus. Lokalsjukehuset i Volda har og styrka si stilling i fleire av øykommunane på ytre søre Sunnmøre, spesielt i Hareid.

Gjør som flere enn 23.000 andre - lik Sunnmørsposten på Facebook