Ordføraren i Ulstein, Knut Erik Engh, og styreleiar i Ulstein Fjernvarme AS, Erik Andreassen, skal opne anlegget.

Etter opninga vil det for fyrste gong strøyme vatn gjennom røyra i fjernvarmeanlegget i Ulsteinvik, ifølgje ei pressemelding.

Miljøvennleg og innovativt

Vatn blir teke frå sjøen og skal brukast til å varme opp bygg i Ulsteinvik. Hovudsentralen for sjøvarmeanlegget ligg i kjellaren i det nye bygget Sjøsida 1, der det er bustader og næringsareal.  Der ligg også den fyrste energisentralen i anlegget.

– Ulstein kommune har ein visjon om eit innovativt, miljøvennleg anlegg for varme og kjøling i Ulsteinvik sentrum og områda opp til Høddvoll, seier Ulstein-ordførar Knut Erik Engh i pressemeldinga.

Teknologi frå Eid

Ulstein kommune eig infrastrukturen, medan Ulstein Fjernvarme eig energisentralane og driftar heile anlegget.

- Då ein skulle velje teknologi såg Ulstein kommune til Nordfjordeid og sjøvarmeanlegget der. Fjordvarme AS var tidleg inne i arbeidet som konsulent og sto føre utgreiingane som til slutt førte til valet av nettopp denne teknologien. Teknologien er framtidsretta og heilt klart ideell for denne type samfunn, der ein også er klar for tilleggsvarme frå andre energikjelder, seier Erik Andreassen, styreleiar i Ulstein Fjernvarme.

Forsking og utvikling

ReNorway frå Nordfjordeid er prosjektleiar for Forskings- og Utviklingsprosjektet der leveranse av dei første tre energisentralane i anlegget og tilknytt utviklingsarbeid inngår. Øen Kuldeteknikk frå Hornindal, ekspert på varmepumper, er engasjert som sentral samarbeidspartnar. Ulstein Fjernvarme har sjølv også ei viktig rolle i prosjektet.

Dei overordna måla for FoU-arbeidet er å bruke mindre energi, betre økonomien, og designe ei varmepumpe som i mindre grad påverkar global oppvarming.

– Også kompetansen vi, og spesielt Ulstein Fjernvarme, har tileigna oss i løpet av prosjektet er viktig for å auke lønsemda for heile anlegget, seier Stephan ter Stege, dagleg leiar i ReNorway.

Regionalt samarbeid

Anlegget er eit resultat av lokalt og regionalt samarbeid.

– Eg ønskjer å dra fram miljøet i Nordfjord som med si erfaring og sitt utviklingsarbeid har bidrege til å finne betre løysingar enn ein vanlig leveranse hadde gjort, seier Øyvind Amdam, dagleg leiar i Ulstein Fjernvarme AS. Han er glad for at dei har valt denne samarbeidsmodellen.

Frank Øen, teknisk leiar i Øen Kuldeteknikk, seier seg einig om samarbeidet.

– Samarbeidsmodellen med ei gruppe av lokale og regionale spesialistar fungerer. Ved å setje seg rundt bordet og diskutere tverrfaglege utfordringar saman, blir det nye løysingar. Både miljøet i Nordfjord og Ulsteinvik har mykje å hente på å jobbe meir saman.

Høddvoll og omsorgsbustader

No følgjer ein testperiode på tre månader. Utviklingsarbeidet for dei andre to sentralane held fram parallelt med dette. Desse sentralane skal forsyne omsorgsbustader i Holsekerdalen og idrettsanlegget Arena Høddvoll og andre bygg i Høddvoll-området.

Ulstein Fjernvarme jobbar deretter vidare med dei andre tolv planlagde energisentralane.

– Det som no blir gjort i Ulsteinvik skal vere eit stjerneeksempel på lønsam, fornybar fjernvarme som skal inspirere andre kommunar til å investere i fornybare løysingar, understrekar Amdam og legg til:

– Vi må alle ta ansvar for miljøet og eg er veldig stolt av Ulstein kommune som leier an.

Her er varmepumpa som leverer miljøvenleg energi til kundane ved Sjøsida 1. Den er også førebudd for levering til neste byggjesteg, Sjøsida 2. Foto: Pressefoto