Melshorn Hotell i Hareid sentrum har inngått avtale med UDI om akuttmottak. Det skriv Vikebladet Vestposten på nett torsdag kveld.

– Belegget ved hotellet har gått så kraftig ned den siste tida , at vi kunne ikkje ha drive Melshorn Hotell så mykje lenger, seier direktør og eigar Linda Haddal Røssevold til avisa. Ifylgje avisa vart dei tilsette orienterte torsdag ettermiddag om planane. Ordførar Anders Riise (H) orienterte medlemene i kommunestyret om planane. Ordføraren vart sjølv orientert av UDI torsdag.