Styrar Trude Lid ved skjenkestaden Det Grøne Treet i Volda skuldar Volda kommune for å ha gitt eit ulovleg fatta skjenkeløyve til cruise- og butikkferja «FjordKongen», som har teke fast tilhaldsplass ved Vikeneskaia nær Volda sentrum.

Lid hevdar at dette sidan midtsommar har gitt hennar bedrift som tredjepart eit stort økonomisk tap. Så stort at det set heile bedrifta og arbeidsplassan i fare.

Konkurranse frå ferje

I eit omfattande og grunngjeve brev til Volda kommunestyre, som skal ha møte torsdag 26. november, skriv Trude Lid at omsetnaden på Det Grøne Treet gjekk ned med frå 200.000 kr til 350.000 kroner frå sommaren 2015. Det var frå då av at «FjordKongen» fekk innvilga skjenkeløyve i Volda kommune.

Skuta skal ha eit liknande løyve i Vanylven, og konkurrenten ved Det Grøne Treet peikar på at det ikkje er kommunen, men fylkesmannen som har bevillingsmynde for skip.

Krev erstatning

Trude Lid hevdar tapa er store, og skuldast at kommunen ikkje kjenner godt nok regelverket for tildeling av skjenkeløyve.

Frå brevet: « - Det Grøne Treet vil med dette fremme et erstatningskrav på 250.000 kr, og øyeblikkelig oppheving av ulovlig og uriktig gitt løyve, som minnelig løsning.»

Lid peikar nok ein gong på kommunen sitt skjenkeansvar, og at saka kan få stor prinisippiell tyding.