Eit jordras har gått mellom Ørsta og Vartdal, ved Håvoll. Vegen blir stengt ei stund framover, og politiet oppmodar folk til å køyre andre ruter. Statens vegvesen vil at folk skal køyre om Eiksundsambandet.

Operasjonsleiar Kenneth Sætre opplyser at raset er 20-30 meter i breidde og om lag éin meter høgt over vegen.

– Ingen personar i raset, men vegen er sperra. Vi har akkurat kome fram til staden, seier operasjonsleiar Kenneth Sætre til smp.no.

Vegtrafikksentralen har førebels ikkje så mykje informasjon, men kan stadfeste at det har gått eit jordras over Europavegen i Ørsta kommune.

– Vi har sendt ut folk, opplyser dei.

Statens vegvesen melder i 21-tida at Europavegen mest truleg blir stengt over natta.

Ørsta brannvern er ute med bistand, og har mannskap på begge sider av raset mellom Sandvika og Lianeset.

SISTE OPPDATERING

– Europavegen blir stengt over natta. Dei skal ta ei ny vurdering i morgon rundt klokka 11, fortel trafikkoperatør Ina Mari Norum til smp.no.

Ifølgje Norum er dette på grunn av at geolog skal inn i området for å sjekke rasfare.

– Det er litt farleg å sende mannskap inn til området akkurat no, seier Norum til smp.no.

Måtte snu

Smp.no har snakka med ein person som måtte snu som følgje av raset.

– Det er i Rindane raset har gått. Det såg ut til å vere ei blanding av mest snø og vatn, seier mannen.

Jørn Olav Liadal er på staden for smp.no no.

Liadal stadfestar at raset har gått midt i Rindesvingane.

– Raset har ikkje gått i nærleiken av hus. Dette er midt mellom busetnaden i området. Det har vore gjort arbeid i området for å hindre ras, og det er forma løp for å hindre at noko skal renne over vegen tidlegare, fortel Liadal.

Det er med andre ord snakk om ein rasutsett stad. Ifølgje Liadal er raset rundt 20-30 meter i breidde, og mellom ein halv og ein meter tjukt. Det er ikkje store trafikale problem på sida Liadal er ved raset.

– Eg trur bilistane blir varsla litt før dei kjem hit, seier han.

Buldring

Webjørn Yksnøy Bergmann fortel at det var småbuldring oppi sida medan han var på staden etter at raset hadde gått. Ifølgje Yksnøy Bergmann let ikkje politiet nokon kome gjennom sperringane grunna frykt for stadig nye mindre jordras.

– Det var ikkje vanskeleg å høyre buldringa. Politiet flytta sperringane lenger bak medan eg var der, fortel han.

Kjem seg ikkje heim i natt

Tove Halse Digernes fortel at ho ikkje kjem seg heim i natt. Ho bur på andre sida av raset, men var eit ærend i Ørsta.

– No må eg fri til kjende og sjå om eg finn meg overnatting i natt. Dette viser kor hjelpelaus vi er. Eg kunne ha vore der, eller kunne ha passert. Eg kjende eg vart veldig skremd då eg fekk høyre kva som hadde skjedd, seier Halse Digernes.

Ho seier det har vore gjort arbeid med rassikring på staden.

– Dei har grove ut for å ta unna for vatn og snø. Det er bratt, og med så store mengder snø og vatn som har vore no, så dreg det med seg jord og alt som er, seier Halse Digernes.

Ikkje køyr her

John Kåre Flo i Sunnmøre politidistrikt seier til smp.no at politiet ikkje anbefaler folk å køyre fra Ørsta, opp til Follestaddalen, over Standalseidet og ned til Festøy.

Dette er ein smal og rasutsett veg.

– Vi anbefaler ikkje folk å køyre der. Vi kjenner ikkje til korleis det ser ut der. Vi har varsla Vegtrafikksentralen og sagt at dei bør skaffe seg kunnskap om strekninga Standal - Festøya, seier Flo.

Den klare oppmodinga frå politiet er å køyre Eiksundsambandet.

Har du bilde eller tips? Kontakt oss på 95400400@smp.no eller ring 95400400!

Smp.no kjem med meir.

Foto: GOOGLE MAPS