OPPDATERING KLOKKA 17.45: E39 er rydda, og det er fri ferdsel.

OPPDATERING KLOKKA 15: Vegvesenet opnar eitt køyrefelt på E39 ved Rindane i Ørsta klokka 15. Det blir trafikkdirigering på staden.

Dette er europavegen til Ålesund. Jordraset var rundt 20-30 meter i breidde og om lag éin meter høgt.

– Raset er større enn tidlegare meldt. Det er over 30 meter i breidde og minst ein og ein halv meter på det høgste, seier smp.no sin reporter, Knut Arne Aarset.

Ingen personar var i raset, men fagfolk ville torsdag vente til fredag før vegen eventuelt blir rydda.

(Artikkelen held fram etter biletet.)

Jordraset ved Rindane i Ørsta er over 30 meter i breidde og minst ein og ein halv meter på det høgste. Foto: Knut Arne Aarset

Ryddinga er i gang, melder vår reporter på staden klokka 11.11. Ifølgje Aarset tek ryddinga om lag fire timar.

Geologen er sendt til fjells

Aarset fortel at det er bestilt maskin til å rydde vegen. Ein geolog er høgt oppe i fjellsida til fots no.

– Han går opp gjelet på ytste Rindane no. Det er folk frå Veidekke, Vegvesenet og lokal entreprenør på staden, fortel smp.no sin reporter, som sjølv står under eit rassikra område.

Det regnar framleis på staden, og det er ei markant elv ved raset. Gjelet starta heilt oppunder sørvestsida av Liadalsnipa.

Vurderinga frå geoteknikaren

Klokka 11.20 har smp.no snakka med geoteknikar Arne Kavli på staden. Han fortel at raset ikkje har løsna så langt overfor vegen. Geoteknikaren har vore oppe i 350 meter over vegen og sjekka. Det er stort sett berre smågrus igjen i elveløpet, og stort sett går elva rett ned på fast fjell. Kavli har vurdert det slik at hvis det blir laga ei oppsamlingsgrop, så vil dette fange opp eventuelle restar.

50 meter i breidde

Prosjektleiar Odd-Einar Hjellen i Statens vegvesen er på staden. Han fortel at raset er opp mot 50 meter i breidde.

– Geologen skal vurdere om det er fare for fleire ras. Vi vil gjere ei skikkelig vurdering før vi ryddar vegen, seier Hjellen.

– Er det skader på vegen?

– Vi ser at det er mest laus masse. Det er småstein, jord og sørpe og litt snø under. Mest truleg har det gått bra med vegen, men det veit vi ikkje, seier Hjellen.

(Artikkelen held fram etter biletet.)

Raset på E39 ved Rindane i Ørsta sett frå nord. Foto: Knut Arne Aarset

Sist han såg geologen var han langt oppe i fjellsida.

– Europavegen blir nok ikkje opna før klokka 12. Vi må vente på at geologen kjem ned att. Så vil det nok ta to til tre timar å rydde om alt er klart.

Hjellen i Statens vegvesen anbefaler folk å køyre Eiksundsambandet og ta ferja Hareid - Sulesund.

Fleire stengde vegar

I 10-tida melder Statens vegvesen på Twitter at fylkesveg 655 Norangsdalen ved Lyngstøylen på strekninga Lekneset – Tryggestad også er stengt på grunn av jordras.

Også fylkesveg 40 mellom Steinsvika og Dalsbygda på Fjøsneset i Volda kommune er stengt. Der det gjekk fleire snø- og jordras etter kl. 21.00 torsdag kveld.

Smp.no kjem med meir.

Geolog er på staden. Foto: Knut Arne Aarset
Ryddinga tek om lag fire timar. Foto: KNUT ARNE AARSET